Hovedsiden

 

 

 

På 60- tallet etablerte Alfred Einar Apeland laftebedrifta Haukeli Hytter og Bur AS i Haukeli i Vest-Telemark. I 2001/02 overtok andre generasjon verksemda, og i dag er det Knut Tore Apeland som står for den daglege drifta. I samband med overtakinga vedtok styret å endre namn til Haukeli Hytter og Hus AS (HHH).

HHH leverer framleis tradisjonsrike hand- og maskinlafta tømmerbygg som tilfredstiller krava og forventningane du har som kunde. Men vi leverer meir enn berre eit solid tømmerbygg - vi oppfyller draumen din og gir deg rom for fritid og trivsel.

Firmaet er i vekst, og dei to siste åra har HHH dobla omsetninga. Opp gjennom åra har firmaet vore svært fokusert på å halde på dei erfaringane vi har gjort oss, og stadig tileigne oss ny verdifull kunnskap både om laftekunsten og åtferda og behovet i den potesielle marknaden. Fokuset vårt har dei to siste åra vore å setje i gang tiltak for å tilpasse oss dagens moderne marknad, og i samband med det har vi fleire interessante prosjekt på gang.

Vi satser på lokalt næringsliv og nyttar kun norske materialar og norsk arbeidskraft, gjerne frå Telemark dersom det lar seg gjera.

Vi gjev deg eit solid tømmerbygg der tradisjon, draumar, fritid og trivsel ligg i kvart laft!

Tak gjerne kontakt med oss for ein uforpliktande samtale.

 

Venlig helsing
KNUT TORE APELAND
DAGLIG LEIAR/ TØMRAR

 

 


BY MEDIASOUND